1. Ver stille, ¬de øyar og strender,og høyr på meg,lat folka samla nye krefter!Lat dei koma og tala si sak,lat oss saman gå fram ¬for retten!
2. Kven har vekt ¬den mannen frå austsom sigeren møter ¬kvar han set foten?Kven gjev folkeslag ¬i hans maktog lèt han råda over kongar?Med sverdet gjer han dei ¬lik støv,med bogen ¬lik fykande halmstrå.
3. Han forfylgjer dei, ¬og trygt går han fram,er berre så vidt nedpå vegen ¬med foten.
4. Kven var det ¬som sette dette i verk?Han som frå opphavet ¬kalla ættene fram.Eg, Herren, er den fyrste,og eg skal vera hjå dei siste.
5. Øyar og strender ¬ser det og reddast,heimsens endar skjelv.Dei stimar i hop og kjem.
6. Den eine hjelper den andre ¬og seier:«Gå frimodig til verket!»
7. Meisteren set mot ¬i gullsmeden,den som bankar til metallet ¬med hamar,set mot i han ¬som slår på ambolten.Han seier om loddinga: ¬«Ho er god.»Så fester dei biletet med naglar,og det står støtt.
8. Men du Israel, min tenar,Jakob, som eg har valt ut,du ætt av Abraham, min ven!
9. Eg henta deg ¬frå heimsens endarog kalla deg ¬frå den ytste utkant.Eg sa til deg: ¬«Du er min tenar,eg har valt deg ut ¬og ikkje støytt deg bort.»