Jesaja 40:6-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Høyr, det er ein som seier: ¬«Forkynn!»Eg spør: ¬«Kva skal eg forkynna?»«Alle menneske er som graset,og all deira herlegdom ¬som blomen på marka.

7. Graset turkar bort, ¬og blomen visnarnår Herrens ande blæs på dei;ja, i sanning, folk er som gras.

8. Graset turkar bort, ¬og blomen visnar,men ordet frå vår Gud ¬står fast til evig tid.»

9. Stig opp på høge fjellet,du Sions gledebod!Lat røysta ljoma,Jerusalems fagnadbod!Lat røysta ljoma, reddast ikkje!Sei til byane i Juda:«Sjå, der er dykkar Gud!»

10. Sjå, Herren din Gud ¬kjem med velde,hans arm gjev han herredøme.Dei han fekk i løn, er med han,dei han vann, går føre han.

11. Som ein hyrding ¬skal han gjæta si hjord.Han skal samla lamma i armenog bera dei ved barmen,og lamsauene skal han leia.

12. Kven har mælt havet ¬med si handog himmelen ¬med utspente fingrar?Kven samla molda på jorda ¬i skjeppe,vog fjella på vektog haugane i vektskåler?

13. Kven har rettleitt ¬Herrens Ande,kven har lært han ¬og gjeve han råd?

14. Kven har han samrådt ¬seg med,så han kunne gje han skjøn,læra han å gjera det rette,gje han kunnskapog syna han vegen til visdom?

15. Sjå, folka er som ein drope ¬på eit spann,som støvfjom på ei vektskål ¬å rekna;jamvel øyar og strender ¬veg ikkje meir enn dust.

16. Libanon har ikkje skog nok ¬til brenselog ikkje dyr nok til brennoffer.

17. Som inkje er alle folk ¬for Herren,han reknar dei ¬for reine inkjevetta.

Jesaja 40