Jesaja 40:26-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Lyft augo mot det høge og sjå:Kven var det som skapte ¬desse?Han som mønstrar deira hær ¬og fører dei utog nemner dei alle med namn.Hans kraft er så stor ¬og hans styrke så veldigat det vantar ikkje ein.

27. Kvifor talar du så, Jakob,kvifor seier du, Israel:«Min veg er løynd for Herren,min Gud bryr seg ikkje ¬om min rett»?

28. Veit du det ikkje, ¬har du ikkje høyrt det?Herren er den evige Gudsom skapte den vide jord.Han vert ikkje trøytt, ¬han vert ikkje mødd,hans vit kan ingen grunda ut.

29. Han gjev den trøytte kraft,og den som ingen krefter har,gjev han stor styrke.

Jesaja 40