Jesaja 40:23-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Han lèt fyrstar gå til grunneog rydjar ut styresmenn ¬på jord.

24. Knapt er dei planta,knapt er dei sådde,knapt har dei røtt seg i jorda,så blæs han på dei, ¬og dei visnar,og stormen føykjer dei bort ¬som strå.

25. «Kven vil de likna meg med,kven er eg lik?» ¬seier Den Heilage.

26. Lyft augo mot det høge og sjå:Kven var det som skapte ¬desse?Han som mønstrar deira hær ¬og fører dei utog nemner dei alle med namn.Hans kraft er så stor ¬og hans styrke så veldigat det vantar ikkje ein.

27. Kvifor talar du så, Jakob,kvifor seier du, Israel:«Min veg er løynd for Herren,min Gud bryr seg ikkje ¬om min rett»?

28. Veit du det ikkje, ¬har du ikkje høyrt det?Herren er den evige Gudsom skapte den vide jord.Han vert ikkje trøytt, ¬han vert ikkje mødd,hans vit kan ingen grunda ut.

Jesaja 40