Jesaja 40:22-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Herren tronar over ¬jordkrinsen,og dei som bur der, ¬er som grashopper.Han breier ut himmelen ¬som eit slør,spenner han ut ¬som eit telt til å bu i.

23. Han lèt fyrstar gå til grunneog rydjar ut styresmenn ¬på jord.

24. Knapt er dei planta,knapt er dei sådde,knapt har dei røtt seg i jorda,så blæs han på dei, ¬og dei visnar,og stormen føykjer dei bort ¬som strå.

25. «Kven vil de likna meg med,kven er eg lik?» ¬seier Den Heilage.

26. Lyft augo mot det høge og sjå:Kven var det som skapte ¬desse?Han som mønstrar deira hær ¬og fører dei utog nemner dei alle med namn.Hans kraft er så stor ¬og hans styrke så veldigat det vantar ikkje ein.

27. Kvifor talar du så, Jakob,kvifor seier du, Israel:«Min veg er løynd for Herren,min Gud bryr seg ikkje ¬om min rett»?

28. Veit du det ikkje, ¬har du ikkje høyrt det?Herren er den evige Gudsom skapte den vide jord.Han vert ikkje trøytt, ¬han vert ikkje mødd,hans vit kan ingen grunda ut.

29. Han gjev den trøytte kraft,og den som ingen krefter har,gjev han stor styrke.

30. Gutar vert trøytte og mødde,unge karar snåvar og fell.

31. Men dei som ventar på Herren, ¬får ny kraft;dei lyfter vengene som ørnar,dei spring og trøytnar ikkje,dei går og mødest ikkje.

Jesaja 40