Jesaja 40:14-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Kven har han samrådt ¬seg med,så han kunne gje han skjøn,læra han å gjera det rette,gje han kunnskapog syna han vegen til visdom?

15. Sjå, folka er som ein drope ¬på eit spann,som støvfjom på ei vektskål ¬å rekna;jamvel øyar og strender ¬veg ikkje meir enn dust.

16. Libanon har ikkje skog nok ¬til brenselog ikkje dyr nok til brennoffer.

17. Som inkje er alle folk ¬for Herren,han reknar dei ¬for reine inkjevetta.

18. Kven vil de då likna Gud med,kva kan de setja opp mot han?

19. Eit gudebilete vert støypt ¬av ein meister,ein gullsmed kler det med gullog lagar sølvkjeder til det.

20. Den som skal laga ¬eit gudebilete,vel seg tre som ikkje morknar,og leitar opp ein kunnig ¬meistertil å gjera eit bilete ¬som står støtt.

21. Veit de det ikkje,har de ikkje høyrt det?Er det ikkje kunngjort dykk ¬frå fyrste stund?Har de ikkje skjøna detfrå heimsens grunnvoll ¬vart lagd:

Jesaja 40