12. Kven har mælt havet ¬med si handog himmelen ¬med utspente fingrar?Kven samla molda på jorda ¬i skjeppe,vog fjella på vektog haugane i vektskåler?
13. Kven har rettleitt ¬Herrens Ande,kven har lært han ¬og gjeve han råd?
14. Kven har han samrådt ¬seg med,så han kunne gje han skjøn,læra han å gjera det rette,gje han kunnskapog syna han vegen til visdom?
15. Sjå, folka er som ein drope ¬på eit spann,som støvfjom på ei vektskål ¬å rekna;jamvel øyar og strender ¬veg ikkje meir enn dust.
16. Libanon har ikkje skog nok ¬til brenselog ikkje dyr nok til brennoffer.
17. Som inkje er alle folk ¬for Herren,han reknar dei ¬for reine inkjevetta.
18. Kven vil de då likna Gud med,kva kan de setja opp mot han?
19. Eit gudebilete vert støypt ¬av ein meister,ein gullsmed kler det med gullog lagar sølvkjeder til det.