1. Trøysta, ¬trøysta mitt folk,seier dykkar Gud.
2. Tala mildt til Jerusalemog ropa til henneat striden hennar er enda,at skulda hennar er kvitta,at ho har fått av Herrens handdobbelt for alle sine synder.
3. Høyr, det er ein som ropar ¬i heia:Ryd veg for Herren,lag gjennom øydemarkaein kongsveg for vår Gud!
4. Kvar dal skal hevjast,kvart fjell, ¬kvar haug skal jamnast.Bakket land skal verta sletteog kollane flat mark.
5. Herrens herlegdom ¬skal syna seg,og alle menneske skal sjå det.Dette er ordet ¬frå Herrens munn.
6. Høyr, det er ein som seier: ¬«Forkynn!»Eg spør: ¬«Kva skal eg forkynna?»«Alle menneske er som graset,og all deira herlegdom ¬som blomen på marka.