3. «Å, Herre,» sa han, «kom i hug at eg har ferdast trufast og heilhjarta for ditt åsyn og gjort det som godt er i dine augo.» Og Hiskia gret høgt.
4. Då kom Herrens ord til Jesaja, og det lydde så:
5. «Gå og sei til Hiskia: Så seier Herren, Gud åt David, ættefar din: Eg har høyrt bøna di og sett tårene dine. Sjå, eg legg endå femten år til levetida di.
6. Eg vil berga deg og denne byen frå assyrarkongen og hans velde, og eg vil verna denne byen.
7. Og dette skal du ha til teikn frå Herren på at han vil halda det han har lova:
8. Eg lèt skuggen gå ti strekar attende på soluret åt Akas, like langt som han før har gått fram.» Og sola gjekk ti strekar attende, like langt som ho før hadde gått fram.
9. Ein salme som Juda-kongen Hiskia fekk skriven då han hadde vore sjuk, men hadde kome seg av sjukdomen:
10. Eg tenkte:I mine beste år må eg gå bort.Attmed portane til dødsriket ¬må eg halda tildei dagar eg har att.
11. Eg sa: Eg får ikkje sjå Herreni landet åt dei levande.Eg får ikkje skoda ¬menneske meirmellom dei som bur på jorda.
12. Som eit gjætarteltvert min bustad teken nedog ført bort ifrå meg.No rullar eg saman min ¬livsvev,dei siste trådane skjer han av.Frå morgon til kveldgjev du meg i dødens vald.
13. Eg ropar om hjelp ¬til morgonen renn;som ei løve ¬knasar han alle mine bein.Frå morgon til kveldgjev du meg i dødens vald.
14. Eg pip som svala og trastaog klynkar som ei due.Med sløve augo ¬ser eg opp mot det høge.Eg er i naud, Herre,gå god for meg, du!
15. Kva skal eg seia?Han gav meg ein lovnadog har gripe inn.Stilt vil eg ferdast ¬alle mine dagaretter all mi sjelekvide.
16. Herre, ved dette ¬får menneske liv,det held mi ånd i live.Så gjer meg då frisk,og lat meg få leva!