1. På den tid vart kong Hiskia så sjuk at det stod om livet. Då kom profeten Jesaja, son til Amos, til han og sa: «Så seier Herren: No må du ordna opp etter deg, for du skal døy; du får ikkje leva lenger.»
2. Då vende Hiskia andletet mot veggen og bad til Herren.
3. «Å, Herre,» sa han, «kom i hug at eg har ferdast trufast og heilhjarta for ditt åsyn og gjort det som godt er i dine augo.» Og Hiskia gret høgt.
4. Då kom Herrens ord til Jesaja, og det lydde så:
5. «Gå og sei til Hiskia: Så seier Herren, Gud åt David, ættefar din: Eg har høyrt bøna di og sett tårene dine. Sjå, eg legg endå femten år til levetida di.
6. Eg vil berga deg og denne byen frå assyrarkongen og hans velde, og eg vil verna denne byen.