7. No vil eg skyta det i hugen hans at han skal fara heim att til landet sitt når han får høyra eit rykte; og der vil eg la han falla for sverd.»
8. Så drog hærføraren av stad. Han hadde høyrt at assyrarkongen var faren bort frå Lakisj, og møtte han medan han stridde mot Libna.
9. Kongen fekk no høyra at Tirhaka, kongen i Nubia, hadde drege i hærferd mot han. Då sende han atter nokre menn til Hiskia og sa:
10. «Så skal de seia til Hiskia, kongen i Juda: Lat deg ikkje narra av din Gud, som du set di lit til, når han seier: Jerusalem skal ikkje falla i hendene på assyrarkongen.
11. Du har sjølv høyrt kva assyrarkongane har gjort med alle dei andre landa, korleis dei har lagt dei i øyde. Og så skulle du verta berga!
12. Har dei vorte berga av gudane sine, dei folka som fedrane mine gjorde ende på: folka i Gosan, Karan og Resef og Eden-folka i Telassar?
13. Kvar er no kongane i Hamat og Arpad, kongen i Sefarvajim-byen og kongane i Hena og Ivva?»