Jesaja 37:28-35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

28. Om du sit eller står,om du kjem eller går,så kjenner eg til det.Når du rasar mot meg, ¬veit eg om det.

29. Men fordi du rasar mot meg,og eg har høyrt ¬kor sorglaus du er,set eg ring i nasen dinog legg beisel i munnen din.Så fører eg deg attendeden vegen du er komen.

30. Dette skal du ha til teikn:I år må de eta ¬det som gror av spillkorn,og til års korn ¬som har sått seg sjølv.Men tredje året ¬skal de så og hausta,planta vingardar og eta frukta.

31. Den resten av Juda ¬som vert berga,skal atter skyta djupe røter,og greinene skal bera frukt.

32. For frå Jerusalem ¬kjem det ein rest,frå Sion-fjellet ein flokk ¬som er berga.Dette skal Herren, ¬Allhærs Gud,gjera i sin brennhug.

33. Ja, så seier Herren ¬om assyrarkongen:Han skal ikkje koma inn ¬i denne byenog ikkje skyta ei pil dit inn.Han skal ikkje gå imot han ¬med skjold,og ikkje kasta opp ein voll ¬imot han.

34. Den vegen han kom, ¬skal han fara attende;i denne byen ¬skal han ikkje koma inn,lyder ordet frå Herren.

35. Eg vil verna byen og berga hanfor mi eiga og for min tenar ¬Davids skuld.

Jesaja 37