28. Om du sit eller står,om du kjem eller går,så kjenner eg til det.Når du rasar mot meg, ¬veit eg om det.
29. Men fordi du rasar mot meg,og eg har høyrt ¬kor sorglaus du er,set eg ring i nasen dinog legg beisel i munnen din.Så fører eg deg attendeden vegen du er komen.
30. Dette skal du ha til teikn:I år må de eta ¬det som gror av spillkorn,og til års korn ¬som har sått seg sjølv.Men tredje året ¬skal de så og hausta,planta vingardar og eta frukta.
31. Den resten av Juda ¬som vert berga,skal atter skyta djupe røter,og greinene skal bera frukt.
32. For frå Jerusalem ¬kjem det ein rest,frå Sion-fjellet ein flokk ¬som er berga.Dette skal Herren, ¬Allhærs Gud,gjera i sin brennhug.