27. Dei som budde der,stod med kraftlause hender,fylte av redsle og skam.Dei likna vokstrane på marka,den grøne groen ¬og graset på tak,som svid av før det veks til.
28. Om du sit eller står,om du kjem eller går,så kjenner eg til det.Når du rasar mot meg, ¬veit eg om det.
29. Men fordi du rasar mot meg,og eg har høyrt ¬kor sorglaus du er,set eg ring i nasen dinog legg beisel i munnen din.Så fører eg deg attendeden vegen du er komen.
30. Dette skal du ha til teikn:I år må de eta ¬det som gror av spillkorn,og til års korn ¬som har sått seg sjølv.Men tredje året ¬skal de så og hausta,planta vingardar og eta frukta.
31. Den resten av Juda ¬som vert berga,skal atter skyta djupe røter,og greinene skal bera frukt.
32. For frå Jerusalem ¬kjem det ein rest,frå Sion-fjellet ein flokk ¬som er berga.Dette skal Herren, ¬Allhærs Gud,gjera i sin brennhug.
33. Ja, så seier Herren ¬om assyrarkongen:Han skal ikkje koma inn ¬i denne byenog ikkje skyta ei pil dit inn.Han skal ikkje gå imot han ¬med skjold,og ikkje kasta opp ein voll ¬imot han.
34. Den vegen han kom, ¬skal han fara attende;i denne byen ¬skal han ikkje koma inn,lyder ordet frå Herren.
35. Eg vil verna byen og berga hanfor mi eiga og for min tenar ¬Davids skuld.
36. Så gjekk Herrens engel ut og slo i hel 185 000 mann i assyrarleiren. Då folk stod opp om morgonen, fekk dei sjå alle som låg døde der.
37. Då tok Sankerib, assyrarkongen, ut og fór heim att. Og sidan heldt han seg i ro i Ninive.