Jesaja 37:22-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Og dette er det ordet Herren talar mot han:Ho hånar deg og spottar deg,Sions dotter, den unge møy;ho rister på hovudet etter deg,Jerusalem, den unge jenta.

23. Kven er det ¬du krenkjer og vanærar?Kven tek du til ords imot?Høgt lyfter du augo dinemot Israels Heilage.

24. Du lét dine tenarar ¬spotta Herrenog sa: ¬«Med mine mange vognerfór eg opp til dei høge fjell,langt inn på Libanon.Der felte eg høgvaksne sedrarog dei finaste sypressar.Eg nådde til den høgaste topp,der skogen står som ein hage.

25. Eg har grave etter vatnog drukke or framande kjelder.Med mine fotsolar turka eg utalle elvane i Egypt.»

26. Har du ikkje høyrt om dette?Eg planla det for lenge sidan;eg laga det så i eldgamal tid,og no har eg sett det i verk.Så kunne du øyda ¬festningsbyarog gjera dei til ruinhaugar.

Jesaja 37