Jesaja 37:14-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Då Hiskia hadde teke imot og lese brevet som sendemennene kom med, gjekk han opp i templet og breidde det ut for Herrens åsyn.

15. Hiskia bad til Herren og sa:

16. «Herre, Allhærs Gud, Israels Gud, du som tronar over kjerubane, einast du er Gud for alle rike på jorda, du som har skapt himmelen og jorda.

17. Vend øyra til, Herre, og høyr! Lat opp augo, Herre, og sjå! Høyr alle dei ord som Sankerib har sendt for å spotta den levande Gud!

18. Det er sant, Herre, at kongane i Assyria har øydt alle land og folkeslag.

19. Dei har kasta gudane deira på elden. For dei er ikkje gudar, men verk av menneskehender, laga av tre og stein. Difor kunne dei gjera ende på dei.

20. Men berga oss no frå hans velde, Herre, vår Gud, så alle rike på jorda kan sjå at einast du, Herre, er Gud.»

21. Då sende Jesaja Amosson dette bodet til Hiskia: Så seier Herren, Israels Gud: Eg har høyrt den bøna du bad til meg om Sankerib, kongen i Assyria.

22. Og dette er det ordet Herren talar mot han:Ho hånar deg og spottar deg,Sions dotter, den unge møy;ho rister på hovudet etter deg,Jerusalem, den unge jenta.

23. Kven er det ¬du krenkjer og vanærar?Kven tek du til ords imot?Høgt lyfter du augo dinemot Israels Heilage.

Jesaja 37