Jesaja 36:11-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Då sa Eljakim, Sjebna og Joak til hærføraren: «Tal til tenarane dine på arameisk, for vi skjønar det. Tal ikkje Judea-mål til oss, så folket som står på muren, høyrer det.»

12. Men hærføraren svara: «Trur du herren min har sendt meg for å seia dette berre til herren din og til deg? Nei, det er like mykje til mennene som sit på muren, dei som snart må eta sin eigen skit og drikka sitt eige vatn, liksom de.»

13. Så steig hærføraren fram og ropa med høg røyst på judeisk: Høyr kva storkongen, kongen i Assyria, seier!

14. Så seier kongen: Lat ikkje Hiskia narra dykk! For han kan ikkje berga dykk.

15. Lat ikkje Hiskia få dykk til å lita på Herren, når han seier: «Herren vil nok berga oss. Denne byen skal ikkje gjevast i hendene på assyrarkongen.»

16. Høyr ikkje på Hiskia! For så seier kongen i Assyria: Gjer fred med meg, og gjev dykk over til meg! Så skal de få eta, kvar av sitt vintre og sitt fikentre, og drikka vatn, kvar or sin brunn,

17. til dess eg kjem og tek dykk med til eit land som er likt dykkar eige, eit land med korn og druesaft, med brød og vingardar.

18. Lat ikkje Hiskia få lokka dykk når han seier: «Herren vil nok berga oss.» Har vel andre folks gudar berga sine land for kongen i Assyria?

19. Kvar er gudane åt Hamat og Arpad? Kvar er gudane åt Sefarvajim? Og kvar er gudane åt Samaria? Har dei berga landet ut or mi hand?

Jesaja 36