Jesaja 34:11-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Pelikan og hegre ¬skal ta det i eige,ugle og ramn skal bu i det.Herren strekkjer mælesnor ¬og loddut over landet,og det vert audt og snautt.

12. Det finst ikkje stormenn der,og ingen ¬som kan ropast ut til konge;det er ute med alle hovdingar.

13. I slotta veks klunger,i borgene nesle og tistel.Landet vert ein heim ¬for sjakalar,ein tilhaldsstad for strutsar.

14. Ville hundar ¬og ørkendyr møtest,raggetroll ropar til kvarandre.Der slår Lilit seg òg til roog finn seg ein kvilestad.

15. Der byggjer pilormen bol ¬og legg egg,han rugar og klekkjer dei ut ¬i skuggen.Der samlast gribbane ¬med kvarandre.

16. Sjå etter i Herrens bok og les!Ikkje eitt av desse dyra ¬skal vanta,ingen av dei ¬skal sakna dei andre.For påbodet kjem ¬frå Herrens munn,det er hans Ande ¬som samlar dei.

17. Sjølv har han kasta lodd ¬for dei;med mælesnor i si handskifter han ut landet.Dei skal ta det i eige ¬for alle tiderog bu der frå ætt til ætt.

Jesaja 34