5. Opphøgd er Herren, ¬han bur i det høge;han fyller Sion ¬med rett og rettferd.
6. Trygge tider skal du få sjå,ein rikdom av frelse, ¬visdom og kunnskap.Då skal age for Herren ¬vera Sions skatt.
7. Høyr, Ariels menn, ¬kor det skrik der ute!Sårt græt dei sendemenn ¬som tinga om fred.
8. Vegane ligg aude,ingen ferdast på stigane meir.Pakta vert broten ¬og vitne vanvørde;ingen bryr seg om menneske.
9. Landet sturer og visnar,Libanon sjuknar bort av skam,Saron er som den aude mark,Basan og Karmel misser lauvet.
10. No vil eg reisa meg, ¬seier Herren,no vil eg stå opp og stiga fram.
11. De er svangre med høy ¬og føder halm,min pust skal øyda dykk ¬som eld.
12. Folkeslag skal brennast til kalk,dei skal brennast ¬som avhoggen klunger.
13. Høyr kva eg vil gjera,de som er langt unna,og kjenn min styrke,de som er nær!
14. Syndarar skjelv ¬av redsle på Sion,angst har gripe dei gudlause:«Kven kan bu ¬ved ein øydande eld?Kven kan bu ved evige logar?»
15. «Den som ferdast i rettferdog talar det som er rett,som seier nei til vinning ¬vunnen med vald,som veiftar med handa og viserat han ikkje tek muter,stappar øyro til ¬for all tale om bloddåd,og lèt augo att ¬for det som er vondt,
16. han får bu på høge stader,bratte fjell er hans vern;han får sitt brød ¬og vantar ikkje vatn.»
17. Med eigne augo skal du skodaKongen i hans herlegdom,og du får sjå eit vidsveimt land.
18. Du skal tenkja på redsla ¬som rådde:Kvar er han som skreiv og vog,kvar er han som talde tårna?
19. Du ser ikkje lenger ¬det frekke folket,folket med ¬det vanskelege språketsom ingen skjønar,med stammande tunge ¬som ingen kan tyda.