1. Når kongen råder ¬med rettferd,og stormenn styrer med rett,
2. då vert kvar av dei ¬som ei livd mot vindenog som eit skjol mot styrtregn,som rennande bekker ¬i turt land,som skuggen av eit mektig fjellpå jord som tyrstar etter vatn.
3. Dei som har augo å sjå med,skal ikkje vera blinde,og dei som har øyro ¬å høyra med,skal lyda etter.
4. Dei som ikkje tenkjer seg om,skal læra å skjøna;dei stamme skal tala ¬lett og klårt.
5. Dåren skal ikkje lenger ¬kallast gjævog skarven ikkje ein ¬adelsmann.
6. For ein dåre talar dårskap,i sitt hjarta ¬legg han vonde planar:Han vil gjera gudlaus gjerning,tala vilt og vrangt mot Herren,la den sveltande sakna matog den tyrstande vanta drikke.
7. Skarvens våpen er vonde,han legg skamlege planar.Han vil skada dei hjelpelause ¬med lygn,og dei fattige ¬om dei hevdar sin rett.
8. Men gjæv mann ¬legg gjæve planar,han står fast ¬på det som er gjævt.
9. De sorglause kvinner, ¬stå opp, høyr mi røyst!De trygge døtrer, ¬vend øyra til min tale!
10. År etter år skal de skjelva, ¬de trygge;for vinhausten slår feil,og det kjem ingen frukthaust.
11. Skjelv, de sorglause kvinner,ja, skjelv av redsle, de trygge!Kled dykk nakne,bind syrgjeplagg om hoftene!