5. så vert dei alle til skammarved eit folk ¬som ikkje gagnar dei,som korkje er til hjelp ¬eller nytte,men berre til skam og vanære.
6. Domsord om dyra i Negev. Gjennom eit land ¬med naud og trengsle,der løver og løvinner ¬har sin heim,der hoggorm og flygande ¬ormar held til,fører dei sin rikdom ¬på eselrygg,sine skattar på kamelpuklartil eit gagnlaust folk.
7. Den hjelp egyptarane gjev,er ingenting verd.Difor kallar eg landet:«Rahab som held seg i ro».
8. Gå no inn og rita dettepå ei tavle for dei!Skriv det opp i ei bok,så det i komande dagarkan vera eit evig vitnemål.
9. Ja, dette er eit trassig folk,søner som fer med lygn,born som ikkje vil lyda ¬Herrens lov.
10. Dei seier til sjåarane:«De skal ikkje sjå!»og til profetane:«Kom ikkje til ossmed syner om det som er rett!Sei oss slikt ¬som vi gjerne vil høyra,lat oss få hildrande syner!
11. Vik av frå vegen, ¬bøy av frå stigen,lat oss vera i fred ¬for Israels Heilage!»
12. Difor seier Israels Heilage:Fordi de vanvørder dette ordet,set lit til vald og svikog stør dykk til slikt,
13. difor skal denne uretten ¬verta dykksom rivna i ein høg mur:Ho vert større og større,til muren ramlar ned,brått, i ein augneblink.