26. Månen skal lysa som sola, og solljoset skal verta sju gonger så sterkt – som ljoset for sju dagar, når Herren lækjer den skaden folket hans har fått, og fetlar det djupe såret deira.
27. Sjå, langt bortanfrå ¬kjem Herrenmed brennande vreide, ¬i alt sitt velde.Hans lipper dirrar av harme,hans tunge er ¬som øydande eld.
28. Hans pust ¬er lik ei fløymande elvsom når heilt opp til halsen.Han legg eit tyningsåk ¬på folkeslaga,eit villføringsbeisel ¬i munnen på folka.
29. Då skal de syngjasom den natt ¬då høgtida vert innvigd,de skal jubla av gledesom når de går med fløytespeltil Israels Berg på Herrens fjell.
30. Si mektige røyst ¬lèt Herren ljomaog syner korleis ¬hans arm slår nedmed brennande vreide ¬og øydande eld,med storm og styrtregn ¬og kraftig hagl.
31. Ja, Assur skal skjelva av redslenår Herrens røyst lyder,når han slår med staven.
32. Kvar gong Herren ¬gjev han eit slagmed sin tuktande stokk,skjer det til trommelåt ¬og lyreklang.I striden svingar han sin armog kjempar imot han.
33. Ein eldstad er alt laga til,og den er tiltenkt kongen.Bålet er gjort både høgt og vidtmed eld og ved i mengd.Og som ein svovelstraumset Herrens ande det i brann.