Jesaja 30:12-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Difor seier Israels Heilage:Fordi de vanvørder dette ordet,set lit til vald og svikog stør dykk til slikt,

13. difor skal denne uretten ¬verta dykksom rivna i ein høg mur:Ho vert større og større,til muren ramlar ned,brått, i ein augneblink.

14. Han går i knas som eit leirkar,som ein slår sund utan skånsel.Mellom stykka ¬finst det ikkje eit krusbrotsom kan brukast ¬til å henta eld frå åreneller til å ausa vatn or brunnen.

15. Så sa Herren Gud,Israels Heilage:«Vender de om ¬og held dykk i ro,skal de verta frelste.I stilla og tillitskal dykkar styrke vera.»Men de ville ikkje.

16. De sa: ¬«Nei, med hestar vil vi fara,»– ja, de skal så visst få fara!«og med snøgge vogner ¬vil vi køyra.»Ja, snøgge er dei ¬som forfylgjer dykk!

17. Tusen skal fly ¬når ein einaste trugar,for trugsmål frå fem ¬skal de røma,til berre ein leivning er att,som eit samlingsmerke ¬på ein fjelltopp,som ei merkestong på ¬ein haug.

18. Men Herren stundar etter ¬å vera dykk nådig;difor reiser han seg ¬og vil visa dykk miskunn.For Herren er rettens Gud.Sæle er alle som ventar på han!

19. Ja, du folk som bur på Sion, i Jerusalem, du skal ikkje gråta meir! Herren vil vera nådig mot deg når du ropar til han. Så snart han høyrer det, svarar han deg.

20. Han vil nok gje dykk trengsle, med lite brød og vatn. Men vegvisarane dine skal ikkje lenger halda seg løynde. Augo dine skal få sjå dei som syner deg veg,

21. og når de vik av til høgre eller venstre, skal øyro dine høyra det ordet bak deg: «Dette er vegen, gå på den!»

22. Då skal du halda dei for ureine, dei sølvkledde gudebileta dine og dei gullkledde støypebileta dine. Du skal slengja dei bort som skitne filler. «Ut med dykk!» skal du seia.

23. Då skal Herren gje regn til kornet du sår i åkeren, og brød av grøda som jorda ber, og det skal ha både saft og kraft. Den dagen skal feet ditt beita på vide marker.

24. Oksane og esla som arbeider på åkeren, får eta salta blandingsfôr som vert kasta fram med skuffel og greip.

25. På alle høge fjell og alle store haugar skal det vera rennande bekker, på den store drapsdagen, når tårna fell.

26. Månen skal lysa som sola, og solljoset skal verta sju gonger så sterkt – som ljoset for sju dagar, når Herren lækjer den skaden folket hans har fått, og fetlar det djupe såret deira.

Jesaja 30