Jesaja 30:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ve dei trassige sønene!lyder ordet frå Herren.Dei set i verk planar ¬som ikkje er frå meg,og gjer samband ¬utan min Ande.Såleis legg dei synd til synd.

2. Dei fer av stad til Egyptog har ikkje rådspurt meg.Dei vil søkja vern hjå faraoog finna livd ¬i skuggen av Egypt.

3. Men det vern de søkjer ¬hjå farao,skal verta til skam for dykk,og den livd de finn ¬i skuggen av Egypt,skal verta til vanære.

4. For om Israels hovdingar ¬kjem til Soan,og deira sendemenn ¬når fram til Hanes,

5. så vert dei alle til skammarved eit folk ¬som ikkje gagnar dei,som korkje er til hjelp ¬eller nytte,men berre til skam og vanære.

6. Domsord om dyra i Negev. Gjennom eit land ¬med naud og trengsle,der løver og løvinner ¬har sin heim,der hoggorm og flygande ¬ormar held til,fører dei sin rikdom ¬på eselrygg,sine skattar på kamelpuklartil eit gagnlaust folk.

7. Den hjelp egyptarane gjev,er ingenting verd.Difor kallar eg landet:«Rahab som held seg i ro».

8. Gå no inn og rita dettepå ei tavle for dei!Skriv det opp i ei bok,så det i komande dagarkan vera eit evig vitnemål.

9. Ja, dette er eit trassig folk,søner som fer med lygn,born som ikkje vil lyda ¬Herrens lov.

Jesaja 30