Jesaja 3:8-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Ja, Jerusalem snåvar, ¬og Juda fell,for i ord og gjerning ¬står dei Herren imotog trassar hans herlege åsyn.

9. Deira andletsuttrykk ¬vitnar imot dei,og liksom folket i Sodomatalar dei utan dulsmål ¬om si synd.Ve dei! ¬Dei fører ulukke over seg.

10. Sei at det går den ¬rettferdige vel,han skal nyta frukta ¬av sine gjerningar.

11. Men ve den gudlause! ¬Han går det ille,han får att for det han har gjort.

12. Mitt folk har born ¬til styresmennog kvinner rår over det.Mitt folk, ¬dine leiarar fører deg vilt,gjer vegen du går på, til ¬villstig.

13. Herren stig fram og vil ¬føra sak,han står opp ¬og vil døma sitt folk.

14. Herren held rettargangmed dei eldste og ¬stormennene i folket.«Det er de som har gnege ¬vingarden snau,rov frå dei fattige har de i husa!

15. Korleis kan de knusa mitt folkog slå dei hjelpelause ¬i andletet?»lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.

16. Herren har sagt:Fordi Sions døtrer briskar seg,og går med bratt nakke,spelar med augo ¬og går og tripparog ringlar med sine fotringar,

17. så skal Herren la Sions døtrerverta fulle av skurv i hovudetog gjera dei snaue om panna.

18. Den dagen skal Herren ta frå dei all stasen deira: fotringane, solene og halvmånane,

19. øyreringane, armbanda og sløra,

20. hovudpynten, fotkjedene og belta, lukteflaskene og amulettane,

21. fingerringane og naseringane,

22. høgtidsbunadene, kåpene, sjala og veskene,

23. speglane, underkjolane, hovudplagga og kasteplagga.

Jesaja 3