Jesaja 3:6-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Når ein mann tek fatt ¬i ein annani huset åt far hans og seier:«Du har ei kappe, ¬du skal vera vår hovding,over denne ruinen ¬skal du styra,»

7. så tek den andre til ords ¬og svarar:«Eg vil ikkje fetla sår.I mitt hus finst det korkje brød ¬eller klede.Set ikkje meg til hovding ¬over folket!»

8. Ja, Jerusalem snåvar, ¬og Juda fell,for i ord og gjerning ¬står dei Herren imotog trassar hans herlege åsyn.

9. Deira andletsuttrykk ¬vitnar imot dei,og liksom folket i Sodomatalar dei utan dulsmål ¬om si synd.Ve dei! ¬Dei fører ulukke over seg.

10. Sei at det går den ¬rettferdige vel,han skal nyta frukta ¬av sine gjerningar.

11. Men ve den gudlause! ¬Han går det ille,han får att for det han har gjort.

12. Mitt folk har born ¬til styresmennog kvinner rår over det.Mitt folk, ¬dine leiarar fører deg vilt,gjer vegen du går på, til ¬villstig.

Jesaja 3