Jesaja 3:4-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Så gjev eg dei born ¬til styresmenn,villstyringar skal rå over dei.

5. Folk skal vera harde ¬med kvarandre,mann med mann ¬og granne med granne;guten skal setja seg opp ¬mot den gamle,fanten mot fagnamannen.

6. Når ein mann tek fatt ¬i ein annani huset åt far hans og seier:«Du har ei kappe, ¬du skal vera vår hovding,over denne ruinen ¬skal du styra,»

7. så tek den andre til ords ¬og svarar:«Eg vil ikkje fetla sår.I mitt hus finst det korkje brød ¬eller klede.Set ikkje meg til hovding ¬over folket!»

8. Ja, Jerusalem snåvar, ¬og Juda fell,for i ord og gjerning ¬står dei Herren imotog trassar hans herlege åsyn.

9. Deira andletsuttrykk ¬vitnar imot dei,og liksom folket i Sodomatalar dei utan dulsmål ¬om si synd.Ve dei! ¬Dei fører ulukke over seg.

Jesaja 3