Jesaja 29:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Usæl Ariel, Ariel,byen der David slo leir!Legg berre år til år,lat høgtider koma og gå!

2. Eg vil føra trengsle over Ariel– då vert det sorg og sut,og gjera deg ¬til eit verkeleg Ariel.

3. Eg lèt hæren min ¬kringsetja deg,kasta opp vollar ikring degog reisa skansar mot deg.

4. Då skal du bøyast ¬og tala frå jorda,mulla fram dine ord frå støvet.Di røyst skal stiga ¬som daudingmål,dine ord skal koma ¬som kviskring frå molda.

5. Men så vert flokken ¬av dine fiendarsom fint støvog hopen av valdsmenn ¬som fykande agner.Brått, i ein augneblink,

6. kjem straffa frå Herren, ¬Allhærs Gud,med bulder og brak ¬og veldig døn,med vindkast, ¬storm og øydande eld.

7. Som ein draum, ¬som eit syn om natta,vert dei borte, ¬dei mange folkeslagsom strider mot Ariel,som går til åtak ¬på byen og borgaog fører trengsle over han.

Jesaja 29