Jesaja 28:7-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Men det er andre òg ¬som sjanglar,som ragar av vin ¬og sterk drikk:Prestar og profetar er drukne,heilt fortumla av vin.Dei ragar ¬av den sterke drikken,dei sjanglar når dei har syner,og er ustøe når dei dømer.

8. Ja, alle bord er fulle av spy,ikkje ein flekk er rein.

9. «Kven vil profeten ¬gje kunnskap?Kven vil han få ¬til å skjøna sin bodskap?Born som nett er avvande,som nyss er tekne frå brystet?

10. Bod på bod,krav på krav,litt her og litt der!»

11. Ja, gjennom folk ¬med stammande lipperog med framandt tungemålskal han tala til dette folket,

12. han som sa til dei:«Her er stadender dei kan slå seg ned.Lat den trøytte få ro,her kan han kvila.»Men dei ville ikkje høyra.

13. Så skal då Herrens ordfor dei verta «bod på bod,krav på krav,litt her og litt der!»Når dei går, skal dei snåva,detta bakover og skamslå seg,gå i snara og verta fanga.

Jesaja 28