Jesaja 28:3-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Under fot skal han trakkast,den stolte kransenåt Efraims drukne menn.

4. Med dei visnande blomane,Efraims herlege prydnad,på høgda ¬over den grøderike dalen,skal det gå ¬som med ein sommarfikensom er mogen før hausten:Når nokon ser han, ¬sluker dei hanså snart dei får han i handa.

5. Den dagen skal Herren, ¬Allhærs Gud,verta ein fager krans ¬og ei strålande kronefor leivningen av folket sitt.

6. Han skal gje den ¬som sit på domarsetet,evne til å døma rett,og styrkja dei som drivfienden attende frå porten.

7. Men det er andre òg ¬som sjanglar,som ragar av vin ¬og sterk drikk:Prestar og profetar er drukne,heilt fortumla av vin.Dei ragar ¬av den sterke drikken,dei sjanglar når dei har syner,og er ustøe når dei dømer.

8. Ja, alle bord er fulle av spy,ikkje ein flekk er rein.

9. «Kven vil profeten ¬gje kunnskap?Kven vil han få ¬til å skjøna sin bodskap?Born som nett er avvande,som nyss er tekne frå brystet?

10. Bod på bod,krav på krav,litt her og litt der!»

11. Ja, gjennom folk ¬med stammande lipperog med framandt tungemålskal han tala til dette folket,

12. han som sa til dei:«Her er stadender dei kan slå seg ned.Lat den trøytte få ro,her kan han kvila.»Men dei ville ikkje høyra.

13. Så skal då Herrens ordfor dei verta «bod på bod,krav på krav,litt her og litt der!»Når dei går, skal dei snåva,detta bakover og skamslå seg,gå i snara og verta fanga.

14. Så høyr då Herrens ord, ¬de spottararsom rår over folket i Jerusalem!

15. De seier: «Vi har gjort ei pakt ¬med døden,ein avtale med dødsriket.Når flaumen kjem veltande,skal han ikkje nå oss.For vi har gjort lygn til livdog løynt oss bak svik.»

16. Difor, så seier Herren vår Gud:Sjå, eg legg ein grunnstein ¬på Sion,ein velprøvd stein,ein dyrverdig, ¬grunnfast hjørnestein.Den som trur, tek det med ro.

17. Eg vil gjera rett til mælesnor,rettferd til loddsnor.Hagl skal sopa bort lygnlivda,vatn skal skylja vekk ¬deira gøymsle.

Jesaja 28