19. Så tidt han kjem farande,skal han riva dykk med seg.For morgon etter morgon ¬skal han koma,ja, både dag og natt.De skal skjelva av redslenår de skjønar bodskapen.
20. For senga er for korttil å strekkja seg iog teppet for litetil å sveipa seg i.
21. Ja, Herren skal reisa segsom på Perasim-fjelletog harmast som ¬i Gibeon-dalen.Han skal gjera si gjerning,ei underleg gjerning.Han skal gjera sitt verk,eit sjeldsynt verk.
22. Hald no opp ¬med den frekke spott,så lekkjene dykkar ¬ikkje skal strammast!For frå Herren, Allhærs Gud, ¬har eg høyrtat øyding er fastsett ¬for heile landet.
23. Vend øyra til og høyr mi røyst,lyd etter og høyr kva eg seier!
24. Når bonden pløyer og skal så,held han då støtt påmed å pløya og snu ¬og horva si jord?
25. Nei, når han har jamna åkeren,spreier han dill ¬og strøyer ut karve,sår kveite, durra, bygg ¬og hirse,og spelt langsmed åkerreina.
26. Hans Gud har synt han ¬den rette måtenog lært han ¬korleis det skal gjerast.
27. Ingen treskjer dill med sledeeller rullar vognhjul over ¬karve.Nei, dill vert banka ut med ¬stavog karve med ein kjepp.
28. Vert vel brødkornet knust?Nei, ein treskjer det ¬ikkje for lenge.Ein køyrer hestar ¬og vogner over,men lèt ikkje hjula ¬knusa kornet.
29. Dette òg kjem frå Herren, ¬Allhærs Gud.Underfulle er hans råd,stor er hans visdom.