18. Den pakt de har med døden,skal setjast ut av kraft,avtalen med dødsriketskal ikkje stå ved lag.Når flaumen kjem veltande,skal han slå dykk ned.
19. Så tidt han kjem farande,skal han riva dykk med seg.For morgon etter morgon ¬skal han koma,ja, både dag og natt.De skal skjelva av redslenår de skjønar bodskapen.
20. For senga er for korttil å strekkja seg iog teppet for litetil å sveipa seg i.
21. Ja, Herren skal reisa segsom på Perasim-fjelletog harmast som ¬i Gibeon-dalen.Han skal gjera si gjerning,ei underleg gjerning.Han skal gjera sitt verk,eit sjeldsynt verk.
22. Hald no opp ¬med den frekke spott,så lekkjene dykkar ¬ikkje skal strammast!For frå Herren, Allhærs Gud, ¬har eg høyrtat øyding er fastsett ¬for heile landet.
23. Vend øyra til og høyr mi røyst,lyd etter og høyr kva eg seier!
24. Når bonden pløyer og skal så,held han då støtt påmed å pløya og snu ¬og horva si jord?
25. Nei, når han har jamna åkeren,spreier han dill ¬og strøyer ut karve,sår kveite, durra, bygg ¬og hirse,og spelt langsmed åkerreina.
26. Hans Gud har synt han ¬den rette måtenog lært han ¬korleis det skal gjerast.
27. Ingen treskjer dill med sledeeller rullar vognhjul over ¬karve.Nei, dill vert banka ut med ¬stavog karve med ein kjepp.