Jesaja 27:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Den dagen skal Herren ¬med sitt sverd,det harde og store og sterke,straffa Leviatan,ormen som rømer så raskt,Leviatan, ¬ormen som buktar seg fram.Han skal drepa draken ¬som er i havet.

2. Den dagen skal dei seia:Syng om den herlege ¬vingarden!

3. Det er eg, Herren, ¬som vaktar hanog vatnar han til kvar tid.Eg vaktar han dag og natt,så ingen skal skada han.

4. Eg er ikkje lenger harm.Men finn eg torn og tistel,då går eg til strid imot deiog brenner opp alt i hop,

5. – om dei då ikkje ¬søkjer vern hjå meg,og gjer fred,ja, gjer fred med meg.

6. I dagar som kjem ¬skal Jakob røta seg,Israel skal veksa og blømaog fylla heile verda med frukt.

7. Har vel Herren slege Israelsom han slo dei ¬som slo hans folk?Eller har Israel vorte drepesom drapsmennene åt folket ¬vart drepne?

8. Du tukta folketdå du skræmde det opp ¬og jaga det bort.Herren støytte det frå segmed sin sterke pustden dagen det storma frå aust.

9. Men såleis ¬skal Jakobs skuld sonast,og dette er fruktanår hans synd vert bortteken:Alle altarsteinane ¬skal han knusa,som når kalkstein vert knust.Asjera-pålane ¬og røykjelsesaltaraskal ikkje verta ståande.

10. Einsam ligg festningsbyen,ein folketom bustad, ¬aud som øydemarka.Der går kalvar og beiter,dei roar seg der og et ¬kvar kvist.

11. Når greinene turkar, ¬bryt ein dei av,kvinner kjem ¬og nører opp eld med dei.For dette er eit uvitug folk.Difor syner skaparen ¬dei inga medkjensle,han som laga dei, ¬er dei ikkje nådig.

12. Den dagen skal Herren ¬slå fruktene nedfrå den strøymande Storelv ¬til Egyptarbekken,og de, Israels søner,skal samlast inn, ein for ein.

13. Den dagen skal dei blåsa ¬i eit stort horn.Då kjem dei bortkomne ¬i Assyria heim attog dei som er spreidde i Egypt.Og dei skal tilbe Herrenpå det heilage fjellet ¬i Jerusalem.

Jesaja 27