Jesaja 26:8-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Herre, vi ventar på degog fylgjer den veg ¬du har fastsett.Vi lengtar og stundaretter deg og ditt namn.

9. Om natta stundar mi sjel ¬etter deg,ja, ånda i meg søkjer deg.Når dei held seg ¬til dine lover på jorda,lærer dei rettferd, ¬dei som bur i verda.

10. Får den gudlause nåde,lærer han ikkje rettferd.Han gjer urett i landetder rett skulle rå,og ser ikkje Herrens velde.

11. Herre, di hand er lyft,men det ser ingen.Lat dei skjemmast ¬når dei får sjådin brennhug for folket.Lat eld øyda dine ¬motstandarar!

12. Herre, du hjelper oss til fred.For alt det vi har gjort,det òg har du gjort for oss.

Jesaja 26