Jesaja 26:13-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Herre, vår Gud! Andre enn duhar hatt herredøme over oss.Men berre deg ¬og ditt namn prisar vi.

14. Døde livnar ikkje,daudingar står ikkje opp.For du har kravt dei ¬til rekneskap,gjort ende på deiog rudt ut kvart minne om dei.

15. Du har gjort folket stort, Herre,gjort det stort og vunne ære,du gjorde alle ¬landsens grenser vide.

16. Herre, dei søkte deg i nauda,og kviskra fram bønerdå du tukta dei.

17. Liksom ei kvinne vrid seg ¬og skriknår riene kjem og ho skal føda,så har du laga det for oss, ¬Herre.

18. Vi er som svangre ¬og vrid oss i verk,men det er som føder vi vind.Vi har ikkje gjeve landet frelse,ingen vert fødd til å bu ¬på jorda.

19. Dine døde skal verta levande,mine lik skal stå opp.Vakna og rop av fryd,de som bur i molda!For di dogg er ei lysande dogg,og jorda gjev døde ¬attende til livet.

Jesaja 26