Jesaja 26:12-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Herre, du hjelper oss til fred.For alt det vi har gjort,det òg har du gjort for oss.

13. Herre, vår Gud! Andre enn duhar hatt herredøme over oss.Men berre deg ¬og ditt namn prisar vi.

14. Døde livnar ikkje,daudingar står ikkje opp.For du har kravt dei ¬til rekneskap,gjort ende på deiog rudt ut kvart minne om dei.

15. Du har gjort folket stort, Herre,gjort det stort og vunne ære,du gjorde alle ¬landsens grenser vide.

16. Herre, dei søkte deg i nauda,og kviskra fram bønerdå du tukta dei.

17. Liksom ei kvinne vrid seg ¬og skriknår riene kjem og ho skal føda,så har du laga det for oss, ¬Herre.

18. Vi er som svangre ¬og vrid oss i verk,men det er som føder vi vind.Vi har ikkje gjeve landet frelse,ingen vert fødd til å bu ¬på jorda.

Jesaja 26