Jesaja 25:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herre, du er min Gud.Eg lovar deg ¬og prisar ditt namn.For i truskap og sanning ¬har du fullførtdei under du planla i gamal tid.

2. Du gjorde byen til ei steinrøys,festningsbyen til ein grushaug.Borga åt dei framande ¬er jamna med jorda,ho skal aldri byggjast meir.

3. Difor skal eit mektig folk ¬æra deg,i valdsmenns by ¬skal dei ottast deg.

4. Du vart eit vern ¬for dei verjelause,eit vern for dei fattige ¬i deira naud,ei livd mot styrtregn, ¬ein skugge mot hete.For valdsmenns fnysinger som styrtregn mot muren,

5. som hete i eit utturka land.Du døyvde bråket ¬åt dei framande.Som ei sky ¬gjev skugge mot hetenvart songen ¬åt valdsmenn døyvd.

6. På dette fjellet skal Herren, ¬Allhærs Gud,gjera eit gjestebod for alle folk,eit gjestebod med feite retter,eit gjestebod med gamal vin,med feite, mergfulle retterog gamal, klåra vin.

Jesaja 25