14. Men somme lyfter si røystog jublar over Herrens velde.Dei ropar av glede i vest:
15. «Gjev Herren ære,de som bur i Austerland!Pris namnet åt Herren, ¬Israels Gud,de som bur på øyar ¬og strender!»
16. Frå heimsens ende ¬høyrer vi songar:Ære vere Den Rettferdige!Men eg må seia:Eg går til grunne!Ve meg, eg går til grunne!Ransmenn ranar,ja, ransmenn ranar og herjar.
17. Det vert gru og grav og garnfor deg som bur på jorda.
18. Den som rømer ¬for det grufulle ståket,skal falla i grava,og den som kjem seg opp ¬or grava,skal fangast i garnet.For lukene i det høge er opna,og grunnvollane ¬under jorda skjelv.
19. Jorda brest og knest,jorda ragar og svagar,jorda skjek og skjelv.
20. Jorda ragar ¬som ein drukken mannog svagar ¬som vaktmannens skur.Tungt ligg synda på henne,ho fell og reiser seg ikkje meir.
21. Den dagen skal Herren straffahimmelhæren i det høgeog kongane nede på jorda.
22. Dei skal samlast ¬som fangar i hola,stengjast inne i fengselog langt om lenge få si straff.
23. Då skal månen blygjast ¬og sola skjemmast;for Herren, Allhærs Gud, ¬er kongepå Sion-fjellet og i Jerusalem,og syner sin herlegdom ¬for sine eldste.