Jesaja 24:1-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Sjå, Herren gjer jorda ¬aud og snau,endevender heile hennar flateog spreier dei som bur der.

2. Då går det presten som folket,herren som trælen hansog husfrua ¬som trælkvinna hennar.Det går seljaren som kjøparen,lånaren ¬som den han har lånt av,og långjevaren ¬som skuldmannen hans.

3. Aud, ja aud skal jorda verta,herjast og plyndrast skal ho;for dette ordet har Herren tala.

4. Jorda sturer og visnar,jorderiket tærest og turkar,både himmel og jord ¬sjuknar bort.

5. Jorda er vanhelgaav dei som bur der.For dei har sett seg ¬ut over lover,levt i strid med føresegnerog brote den evige pakt.

6. Difor skal forbanninggjera ende på jorda,og dei som bur der,må bøta for si skuld.Difor minkar folket på jord,og få er dei som vert att.

7. Vinen turkar bort, ¬vintreet visnar,og alle som var glade, sukkar.

8. Det er slutt ¬på den lystige trommeklang,slutt på ståk og jubelrop;dei glade tonar ¬frå lyra har stilna.

9. Syngjande tømer dei ¬ikkje vinstaupet meir,beisk er den sterke drikken.

10. Den aude byen ligg knust,kvart hus er stengt, ¬så ingen slepp inn.

11. På gatene jamrar deiav di dei ikkje får vin,all jubel er borte,gleda er lyst frå landet.

12. Berre uhyggje er att i byen,og porten ligg krasa.

13. For mellom folka på jordskal det gå på same vissom når ein slår ned oliveneller sankar druer som heng attnår vinhausten er til ende.

14. Men somme lyfter si røystog jublar over Herrens velde.Dei ropar av glede i vest:

15. «Gjev Herren ære,de som bur i Austerland!Pris namnet åt Herren, ¬Israels Gud,de som bur på øyar ¬og strender!»

Jesaja 24