Jesaja 23:8-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Kven har sett seg føre dettemot Tyrus, ¬dronninga mellom byar,der handelsmenn var fyrstarog kræmarar ¬stormenn på jorda?

9. Herren, Allhærs Gud, ¬har sett seg føreå audmykja alt ¬som er stort og stolt,og vanæra alle stormenn ¬på jorda.

10. Dyrk jorda, de Tarsis-folk,så som dei gjer nedmed Nilen.Her er ikkje hamner meir.

11. Herren har rett ut si hand ¬over havetog fått kongerike til å skjelva.Han har sagt frå ¬at festningane i Kanaanskal jamnast med jorda.

12. Han seier: ¬Du skal ikkje jubla meir,du trælka møy, ¬du Sidons dotter.Stå opp ¬og dra til kittearlandet!Heller ikkje der ¬skal du finna ro.

13. Sjå, det var ikkje Assur, ¬men folket i Kaldeasom gjorde byen ¬til ei øydemark.Dei reiste sine ¬kringsetjingstårn,jamna borgene med jordaog la han i grus.

14. Set i med klagerop, ¬de Tarsis-skip,for borga dykkar er herja.

15. På den tid skal Tyrus gløymast i sytti år, så lenge som ein konge lever. Men når sytti år er lidne, skal det gå Tyrus som det heiter i visa om gatejenta:

Jesaja 23