1. Domsord mot Tyrus. Set i med klagerop, ¬de Tarsis-skip,for byen er herja, husa er borte!Då dei kom frå kittearlandet,fekk dei melding om det.
2. Ver stille, ¬de som bur utmed havet,og de som driv handel i Sidon!Over havet ¬fór dine utsende menn,
3. over dei store hav.Av korn som dei sår ved Sjikor,og korn som dei haustar ¬ved Nilen,hadde byen si inntekt;han handla med mange folk.
4. Ver skamfull, Sidon,du faste borg utmed havet!For så seier havet:«Eg har ikkje rier ¬og får ikkje born;unge gutar har eg ikkje ale,og unge jenter ¬har eg ikkje fostra.»
5. Når dei får høyra ¬om dette i Egypt,skjelv dei ved tidenda ¬om Tyrus.
6. Far over til Tarsis,set i med klagerop,de som bur utmed havet!
7. Er dette dykkar jublande by,som vart til i eldgamal tid,som førte sitt folk på raske føtertil framande land, ¬der dei kunne bu?