Jesaja 22:13-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Men her er glede og gaman,okseslakting og saueslakting,kjøteting og vindrikking.«Lat oss eta og drikka,for i morgon døyr vi!»

14. Men Herren, Allhærs Gud,har openberra seg for meg ¬og sagt:«Sanneleg, denne synda ¬skal ikkje sonastså lenge de lever!»seier Herren, Allhærs Gud.

15. Så seier Herren, Allhærs Gud:Gå inn ¬til slottsforvaltaren Sjebna,han som står føre huset!

16. Kva har du her, ¬og kven har du her,sidan du høgg deg ut ei grav?Du høgg ei grav på ein ¬høg stad,holar deg ut ein bustad i berget.

17. Sjå, Herren skal slengja ¬deg bort,slengja deg bort, ¬du sterke mann.Han grip deg,

18. rullar deg samanog kastar deg som ein ball ¬på open mark.Der skal du døy,og der skal ¬dine stasvogner enda,du skamflekk for huset ¬åt herren din!

19. Eg vil støyta deg bort ¬frå di stillingog riva deg ned frå din plass.

20. Den dagen vil eg kalla på Eljakim Hilkiason, tenaren min.

21. Eg vil kle han i din bunad, spenna beltet ditt om han og la han få den makt og mynd som du hadde. Han skal vera ein far for Jerusalems-buane og Juda-folket.

22. Eg legg nykelen til Davids hus på aksla hans. Når han lèt opp, skal ingen lata att, og når han lèt att, skal ingen lata opp.

23. Eg slår han inn som ein nabb i fast vegg, og han skal verta eit æresete for farshuset sitt.

24. Men så hengjer dei på han heile tyngda av farshuset hans, både renningar og blad og alle småkjerald, frå skåler til krukker.

Jesaja 22