Jesaja 22:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Domsord mot Syne-dalen. Kva er på ferde hjå deg,sidan alle har stige opp på taka,

2. du bråkande, ståkande by,du jublande, glade by?Dine falne er ikkje drepne ¬med sverd,dei er ikkje falne i strid.

3. Dine hovdingar rømde, ¬alle som ein,dei vart fanga ¬utan eit bogeskot.Alle mennene i byen ¬vart fanga,endå dei rømde langt av stad.

4. Difor seier eg:«Sjå bort ifrå meg!Eg må gråta sårt.Truga ikkje trøyst inn på megfordi folket mitt er herja.»

5. Ja, det kom ein dagfrå Herren, Allhærs Gud,med nedtrakking, ¬redsle og rådløysei Syne-dalen.Murar vart nedrivne,og skrik steig ¬opp mot fjellet.

6. Elam lyfte pilehuset,drog fram med vogner, ¬folk og hestar,og Kir tok dekket av skjolda.

7. I dei finaste dalane dinevar det fullt av vogner ¬og hestar;heilt fram til porten stod dei.

8. Og Herren tok sitt vern ¬frå Juda.Den dagen såg du deg ometter våpen og utstyr ¬i Skoghuset.

9. De såg at Davids-byen ¬hadde mange rivner.Så samla de vatnet ¬i Nedredammen,

10. talde husa i Jerusalemog reiv nokre ned ¬for å styrkja muren.

11. De laga ein kulp ¬mellom dei to muranefor vatnet frå Gamledammen.Men de såg ikkje opp til hansom gjorde dette,og vende ikkje augo mot hansom laga det så ¬for lenge sidan.

12. Den dagen kalla han dykk,Herren, Allhærs Gud,til å gråta og klaga,til å raka hovudetog kle dykk i syrgjeplagg.

13. Men her er glede og gaman,okseslakting og saueslakting,kjøteting og vindrikking.«Lat oss eta og drikka,for i morgon døyr vi!»

Jesaja 22