Jesaja 21:4-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Min hug er fortumla,eg skjelv av redsle.Skumringa ¬som eg stunda etter,er no min skrekk.

5. Dei dukar bord ¬og breier ut teppe,dei et og drikk.«Reis dykk, hovdingar,smør olje på skjold!»

6. For så har Herren sagt til meg:«Gå og set ut ein vaktpost!Det han ser, skal han melda!

7. Ser han eit tog ¬med vogner og hestar,eit tog av esel, ¬eit tog av kamelar,då skal han lyda etter,lyda vel etter.»

8. Og vaktmannen ropa:«Herre, dagen lang ¬står eg på vakt,eg er på min post ¬kvar einaste natt.

9. Sjå, der kjem eit tog av vognermed folk og hestespann.»Så tek han til ords og seier:«Fallen, fallen er Babylon!Alle gudebileta i byener knuste og slengde til jorda.»

10. Å, du mitt knuste ¬og sundtreskte folk!Det eg har høyrt frå Herren, ¬Allhærs Gud,frå Israels Gud, ¬det har eg kunngjort dykk.

11. Domsord mot Edom. Det ropar til meg frå Se’ir:«Vaktmann, kor langt på natt,kor langt på natt?»

12. Vaktmannen svarar:«Det kjem ein morgon, ¬men òg ei natt.Vil de spørja, så spør!Kom att ein annan gong!»

Jesaja 21