Jesaja 21:10-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Å, du mitt knuste ¬og sundtreskte folk!Det eg har høyrt frå Herren, ¬Allhærs Gud,frå Israels Gud, ¬det har eg kunngjort dykk.

11. Domsord mot Edom. Det ropar til meg frå Se’ir:«Vaktmann, kor langt på natt,kor langt på natt?»

12. Vaktmannen svarar:«Det kjem ein morgon, ¬men òg ei natt.Vil de spørja, så spør!Kom att ein annan gong!»

13. Domsord mot arabarane. Søk livd for natta ¬mellom buskane på steppa,de som kjem i karavane ¬frå Dedan.

14. Møt dei tyrste og gjev dei vatn,de som bur i Tema!Kom med brød til dei ¬som er på flukt!

15. Dei har då rømt for sverd,for dregne sverd ¬og spente bogarog frå den harde striden.

16. For så har Herren sagt til meg: Om eitt år – så som ein leigekar reknar året – skal det vera ute med all herlegdomen i Kedar.

17. Då er det ikkje mange att av bogane åt Kedar-kjempene. For Herren, Israels Gud, har tala.

Jesaja 21