Jesaja 2:2-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. I dei siste dagar skal det hendaat Herrens tempelberg skal stågrunnfest høgt over alle fjellog lyfta seg opp over haugane.Dit skal alle folkeslag strøyma.

3. Mange folk skal gå av stad ¬og seia:«Kom, lat oss fara opp ¬til Herrens fjell,til huset åt Jakobs Gud,så han kan læra oss sine vegar,og vi kan ferdast på hans ¬stigar!For frå Sion skal lovlære gå ut,og Herrens ord frå Jerusalem.»

4. Han skal døma ¬mellom folkeslaga,skifta rett for mange folk.Då skal dei smida sverda sine ¬om til plogjernog spyda sine til vingardsknivar.Folk skal ikkje meir ¬lyfta sverd mot folkog ikkje lenger læra å føra krig.

5. Kom, Jakobs ætt,lat oss ferdast i Herrens ljos!

6. Du har støytt frå deg folket ditt, ¬Jakobs ætt.For dei fer med kunster ¬som folket i Austerland,driv med spådom ¬som filistaraneog gjev handslag ¬til framande folk.

7. Landet deira er fullt ¬av sølv og gull,det er ingen ende ¬på skattane deira.Landet deira er fullt av hestar,det er ingen ende ¬på vognene deira.

8. Landet deira er fullt ¬av avgudar;dei bøyer seg og tilbeddet dei har laga ¬med eigne hender,det dei har gjort ¬med eigne fingrar.

9. Då skal mennesket bøyastog mannen audmykjast.Tilgjev dei ikkje!

10. Fly inn i fjellet, ¬gøym deg i jordafor Herren som vekkjer redsle,og for hans stordom og velde!

11. Mannen må slå ¬sine stolte augo ned,og det hovmodige mennesket ¬vert bøygt.Einast Herren er høg den ¬dagen.

12. For Herren, Allhærs Gud,har sett ein dag til domover alt som er stort og stolt,over alt som ris i veret– det skal siga i hop,

13. over alle sedrar på Libanonsom lyfter seg høgt og byrgt,over alle eiker i Basan,

Jesaja 2