Jesaja 2:12-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. For Herren, Allhærs Gud,har sett ein dag til domover alt som er stort og stolt,over alt som ris i veret– det skal siga i hop,

13. over alle sedrar på Libanonsom lyfter seg høgt og byrgt,over alle eiker i Basan,

14. over alle høge fjellog alle ruvande høgder,

15. over alle høge tårnog alle festningsmurar,

16. over alle Tarsis-skipog alle fagre skuter.

17. Då vert det stolte mennesket ¬bøygtog den hovmodige mannen ¬audmykt.Einast Herren er høg ¬den dagen.

18. Og med avgudane ¬er det ute for alltid.

19. Då skal folk fly inn i hellerarog gøyma seg i jordholerfor Herren som vekkjer redsle,og for hans stordom og velde,når han reiser seg ¬og skræmer jorda.

20. Den dagen skal menneska ¬kasta frå segavgudane av sølv og gull,som dei har laga seg og tilbed,kasta dei for moldvarp ¬og flaggermus

21. og fly inn i fjellholerog gøyma seg i bergkløfterfor Herren som vekkjer redsle,og for hans stordom og velde,når han reiser seg ¬og skræmer jorda.

22. Hald opp med å lita ¬på menneskesom berre har ein pust i nasen!Kva er dei å rekna for?

Jesaja 2