Jesaja 19:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Domsord mot Egypt. Sjå, Herren fer fram ¬på lette skyog kjem til Egypt.Egyptargudane skjelv for han,og motet kverv hjå egyptarane.

2. Eg eggjar egyptar mot egyptar,så dei strider, kvar mot ¬sin bror,mann mot mann og by mot by,og kongerike mot kongerike.

3. Egyptarane går frå sans ¬og samling,eg skiplar deira planar.Då vender dei seg ¬til gudar og trollmenn,til gjengangarar ¬og spådomsånder.

4. Men eg vil gje egyptaranei ein hardstyrars vald og makt;ein mektig konge ¬skal rå over dei,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Herre.

5. Då turkar vatnet i Nilen bort,elva vert tom og turr.

6. Elvefara ligg og tevjar,Nilens armar minkar ¬og turkar ut,røyr og sev svartnar og visnar.

7. Graset som veks ¬frammed Nilen,og alt som er sått langs elva,turkar, fyk bort og kverv.

8. Fiskarane syrgjer og klagar,alle som kastar krok i Nilen;og dei som set garn i vatnet,misser reint motet.

Jesaja 19