Jesaja 18:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ve deg, land, ¬der venger svirrar,bortanfor elvane i Nubia,

2. du som sender bodberarar ¬over sjøen,med sevbåtar over vatnet!Gå, de snøgge sendemenn,til det høgvaksne folket ¬med glinsande hud,til folket dei ottast vide ikring,det sterke folket ¬som trakkar ned andre,i eit land som er gjennomskore ¬av elvar.

3. Alle de som lever på jorda,som byggjer og bur ¬ikring i landa,sjå opp når dei lyfter ¬samlingsmerket på fjell,høyr etter når dei blæs i horn!

4. For så har Herren sagt til meg:Frå min bustad ser eg ¬roleg ned,som når heten dirrar ¬i solskinet,som når skoddeeimen ligg der ¬ein haustdag.

5. Men etter at bløminga er slutt,når druene held på og mognast,men før dei enno er hausta,skjer han rankene bort ¬med kniv,riv dei av og kastar dei frå seg.

6. Dei skal alle gjevasttil rovfugl i fjellet ¬og villdyr på marka.Om sommaren er rovfuglen ¬over deiog om vinteren alle dei ¬ville dyr.

Jesaja 18