Jesaja 17:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Domsord mot Damaskus. Sjå, no er det ute ¬med Damaskus!Byen skal verta ein grushaug.

2. Byane kring Aroer ¬skal verta folketome;buskapar skal liggja ¬og kvila der,og ingen skal skræma dei.

3. Efraim skal missa si faste borgog Damaskus sitt kongedøme.Det som er att av Aram,skal ikkje ha større ære ¬enn Israel,lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.

4. Den dagen vert det smått ¬med Jakobs herlegdom,hans gode hold tærest bort.

5. Det går som når skurdfolketsamlar aksa med armenog skjer dei av;det er som når ein sankar aksnede i Refa’im-dalen.

6. Berre ein etterhaust vert att,som når ein slår ned oliven:to – tre frukter øvst i treetog fire – fem på greinene,lyder ordet frå Herren, ¬Israels Gud.

Jesaja 17